Har du lyst til å bli filigranssølvsmed? Me søkjer ny lærling i filigransølvsmedfaget. Me tilbyer…
Vindusutstillings-konkurranse
Hurra me vant! Så moro!
Gullsmed Aabø var ein av dei tre heldige som vant vindusutstillingskonkurransen som Gulldia Design as arrangerte i mai 2020.
Utstillingane skulle innehalde smykker frå Gulldia sine kolleksjonar med Cathrine Knudsen og Nora Mørk. I Smykkene til Cathrine Knudsen er det henta ut elementer frå hennar eigne malerier, med naturen som inspirasjonskilde.
Som heldig vinnar får me eit flott bilete laga av kunstnaren Cathrine Knudsen! Fantastisk!
Under er dei tre vindusutstillingane som Gina laga i mai 2020.
Gullsmed Aabø har alltid hatt fokus på vindusutstillingar. Gina har hatt ansvaret for utstillingane sidan tidleg på 1990-tallet.
Norges gullsmedforbund har hatt fleire kurs i vindusutstilling som me også har nytta oss av. Det er veldig hyggeleg når kundar kjem innom og spør etter varer som er utstilte i vindauga og som dei har sett kvelden før eller i sosiale medier.
Me har også stort fokus på sosiale medier, følg oss gjerne på Gullsmed Aabø as på facebook og @gullsmedaabo på instagram. Takk!