Bunaden er klar, skjorta og flagget er stryke og nye sko er kjøpt inn, – men er bunadsølvet pussa og klart til den store dagen? Ved rektig bruk, stell og behandling er det enkelt å halde sølvet blankt og fint. Fylgjer du desse råda vil bunadsølvet skape glede i mange generasjonar etter deg.
1. Ta fram alt bunadsølvet i god tid.
Sjå over om det er skadar og manglar. I så fall kan det leverast inn til gullsmeden for reparasjon. Kanskje belte bør utvidast med ei ny støl?
2. Puss over sylvet før bruk med ein tørr sylvpusseklut.
Dette gjeld særleg inni lauv. Bunadknappane på herrebunaden vert blanke og fine med pusseklut og pussebrett som fås hos gullsmeden. Flytande pussemiddel anbefalast ikkje på bunadsølv då det legg seg inni alle krokar og er vanskeleg å få vekk.
3. For å reinse bunadsølvet kan ein vaske det.
Legg det i bløt i varmt vatn, til 1 liter vatn – 1 ts. zalo og 1 ts. salmiakk. La det ligge i bløt minst ein time. Puss så forsiktig med ein liten kost, skyll godt og la det tørke på t.d. varmeplate (svak varme) i nokre timar eller med hårfønar. Tørkinga er svært viktig.
4. Oppbevar bunadsølvet lufttett.
Når bunadsølvet er heilt tørt, neste dag, bør det oppbevarast i lufttette plastposar. Lagrast mørkt og tørt. Smykkeskrin. Sølv oksyderar av luft. Malene som er sauma fast på bunaden kan dekkast til med plast.
Bruk ikkje gummistrekk på sølv, det gjer at sølvet oksyderar fortare og lagar skjemmande merke.
5. Etter nokre år treng gjerne bunadsølvet ei grundigare reingjering eller oppussing.
Sprett av malene og ta det med til gullsmeden i god tid før det skal brukast. Lever alt sølvet samla slik at overflata vert så lik som råd på dei enkelte delane etter rensing. Det vil også bli rimelegare enn å levere det inn stykkevis og delt. Er du usikker, ta kontakt med din gullsmed, så får du den hjelpa du treng.
Lykke til!