Skip to content
Sølvsmed

Lærling hjå oss.

Har du lyst til å bli filigranssølvsmed?

Me søkjer ny lærling i filigransølvsmedfaget. Me tilbyer opplæring i tilverkning av bunadsølv til Telemarksbunadane. Me nyttar gamle handverksmetodar. Du vil også få prøve deg i butikkfaget. Som lærling vert du tilsett av eit opplæringskontor og utplassera hjå oss. Me samarbeider med MIA tradisjonshandverk sitt opplæringskontor på Strømmen.

https://mia.no/tradisjonshandverk

Du må ha interesse for tradisjon og handverk. Godt syn, god formsans og mykje tolmod er viktige eigenskapar. Interesse for bunadstradisjonen er viktig. Du må også kunne samarbeide med andre tilsette.

Det krevjast ingen forkunnskapar. Læretid vert fastsett av yrkesopplæringa i Telemark og Vestfold fylke. Den er på max. 4 år.  Har du relevant v.g.s. går det til fråtrekk. Me ynskjer ikkje lærling eldre enn 30 år.

Oppstart til hausten 2023 eller før. Løn etter avtale.

Passar dette for deg, så ta kontakt med oss.  Gullsmed Aabø as, ved gullsmedmeister Hans Kristian Aabø.  Tlf: 350 53 431 eller 971 82 115,  e-post: post@gullsmedaabo.no

Sølvsmed
Lodding
Sølvsmed
Sølvsmed i arbeid
Back To Top