Har du lyst til å bli filigranssølvsmed? Me søkjer ny lærling i filigransølvsmedfaget. Me tilbyer…
Nybrotsarbeid, katalog over Norsk Stempla Papir
Katalog over Norsk Stempla Papir
Her er katalogisera 41 ulike serier stempla papir og to andre typer stempla papir som vart bruka i desse 300 åra. I tillegg er det 68 teikningar av vannmerker som er funne på dessse papira. Fram til 1814 har Norge og Danmark mange felles utgåver av stempla papir.Hausten 2018 vart katalogen utgjeve.
Me saksar frå avisa Varden 5. juni 2019:
Gullsmed tok gull.
Hans Kristian Aabø har samla norsk stempla papir for perioden 1657-1957. Boka hans innkasserte gull på ei stor utstilling i Oslo.
Ikkje nok med det: Gullsmeden frå Kviteseid fekk også invitasjon til den store frimerkekonferansen «Stockholmia 2019» som gjekk av stabelen siste veka i mai. Dette er ei stor utstilling i europeisk samanheng. Der heldt telemarkingen foredrag om den unike boka.
Etter det Varden får opplyst hausta han svært mange lovord om pionerarbeidet. Boka er for eit heller avgrensa publikum, og såleis trykt opp i 180 eksemplar.
– Så langt har eg selt 60 bøker, og er fornøgd med det, seier Aabø
Ynskjer du boka kan ho bestillast her: https://www.gullsmedaabo.no/vare/norsk-stemplet-papir/
Boka selgast også hjå NorStamps, Sandnes; Skanfil as, Haugesund; Telemarkens Bokhandel as, Notodden; Kviteseid Bok og Papir, Kviteseid.