Solid norsk handverk
Gullsmed Aabø kunne feire 60 år i september 2016. Vi er svært stolte av å kunne feire 60 år samanhengande drift. Les meir om feiringa her!
Aslak Aanund Aabø har lang fartstid som filigransarbeider, han har laga bunadsølv i heile 70 år. Han har vore ein trufast tradisjonsberar og sit framleis stundevis på verkstaden og tryllar fram det finaste filigransarbeid.
Aslak Aanund Aabø var 25 år i 1956 då han starta firmaet Gullsmed Aabø her i Aslestadhuset i Kviteseidbyen og dreiv det heilt fram til 2000 då Hans Kristian Aabø tok over.
Aslak Aanund Aabø som gullsmedlærling hos Eivind G. Tveiten på Dalen
15 år gammal reiste han frå Kviteseid brygge med rutebåten til Dalen i Telemark for å gå i gullsmedlære hos den kjende gullsmeden Eivind G. Tveiten. Sidan den gong har han laga bunadsølv til fleire generasjonar Telemarkingar og tilogmed til kongefamilien. I 1961 designa han og byrja å lage vår flotte bunadveskelås. Krona på verket er den vakre brudekrona som vart ferdig i 2005. Mange bruder har pynta seg med brudekrona, brudebunaden, brudeladet som han har laga alt sølvet til.
I dag bringer Gina Aabø Nyland og Hans Kristian Aabø tradisjonen vidare hos Gullsmed Aabø as i Kviteseid og tilbyr eit variert utvalg av gullsmedvarer der bunadssølv er den største biten.